Powered by Bravenet Bravenet Blog

Tag Board

This tag board is currently empty.

Please type in the four characters shown in the black box.

Saturday, February 14th 2004

8:44 PM

Månn!

I dag skriv eg den femtande - og klokka er 12.32. Dei siste dagane har er fått oppleve korleis det er å leve og virke i dette landet. Har lenge hatt ei kjensle av at ikkje alt er som det skal vere med e-postane mine. Eg veit at ikkje alt som er sendt til meg er kome fram, og eg veit og at det framleis er "36 unread mailmessages" på universitetesserveren. Kvifor desse mailane ikkje er komme til meg, kan ein jo bare spekulere i , men etter aa ha brukt eit par-tre dagar paa aa lese ei bok som tek for seg dei forste dagane av kulturrevolusjonen i Shanghai i 1966 - ei bok som forovrig er forboden i Kina - forstår eg at her er ikkje alt som i "gamlelandet", nei. Skulle sjolvsagt ha skreve den engelske tittelen på denne boka, samt forfattaren, men når eg veit at desse "kronikkane" mine blir lest av "uvedkommande" er eg saa "feig"at eg let det vere. Oversatt til norsk, er "liv og dod i Shanghai" det naraste eg kjem. Ei veldig interessant bok. Anbefales!! Forovrg har eg konkrete planar om å lage eit "portrettintervju" med ein veterinar som har "basen" sin her på landsbygda. Har ei sterk kjensle av at begrepet "veterinar" i Kina ikkje akkurat er det same som på Malmei eller i Time....


Stein


 


 


                                                                                             


 

1 Kommentarer / Post kommentar

Sunday, February 8th 2004

4:51 PM

Diesel og pipebrann...

Mandag morgon.
Omlag 0 grader og "klart". Begrepet "klart" er absolutt relativt naar me snakkar om Xi'an. Luftforureininga her er nemleg til tider heilt enorm. Nattestid kan ein tydeleg kjenne eimen av noko som minnar om ei blanding av avgiftsfri diesel, pipebrann og white spirit. Eg meiner eg har ei forklaring: Nattestid blir det truleg produsert "saker og ting" paa landsbygda her som ikkje torer hverken "lys eller varme". Ikkje aa undrast over at sola til tider er fullstendig raud. Meiner aa minnast fraa gamlelandet at raud sol betyr forureina luft.
God dag !!
18 Kommentarer / Post kommentar

Sunday, February 8th 2004

4:51 AM

God aften !

Hei!
Det er gatt fleire dagar sidan sist eg skreiv naa. Har faktisk hatt det travelt. I eit desperat forsok paa aa plusse paa ei beskjeden kinesisk lararlonn, har eg begynt aa skrive artiklar heim til Norge. Har faktisk og opplevt at "dei heime" syner interesse for det eg skriv, saa naa baade bruser eg med fjorer og teller paa kroner. Forelopig er det saare enkelt aa halde rede paa rekneskapet, men ein veit jo aldri...
Daa eg var i byen sist veke blei eg narast overfallt av tiggarar. Eg var nemleg med eitt "lempfeldig", og gav ein sjerv til ei fattig mor med barn, og dermed hadde eg heile tiggarstanden i Xi'an etter meg...Ikkje veit eg heller kor fattige desse "tiggarane" i grunnen er. For fleirtalet av dei er nok dette ganske enkelt business. Dei eigentlege tiggarane - dei som er verkeleg fattige - held seg heime, seier lokalbefolkningen.
12 Kommentarer / Post kommentar

Saturday, January 31st 2004

4:50 PM

og fuglane (les:kyllingane) syng i gatene...

Saksa fraa VG i dag tidleg, sundag:
"Thailands statsminister Thaksin Shinawatra opptrådte likevel kampinnstilt og oppfordret folk til å spise mer kylling.
-Når kj¸ttet er kokt eller stekt, er det 100 prosent trygt, sa Thaksin i sin ukentlige radiotale til befolkningen.
Han st¸ttet oppfordringen med å spise et måltid på en av restaurantene til den amerikanske hurtigmatkjeden KFC i Bangkok. KFC serverer bare kylling..." .

Eg kunne vere frista til aa seie "this is China", men saa er det altsaa Thailand. Same "suppa", forresten. Var i by'n (Xi'an) i gaar, og trur du ikkje sei sel dagsgamle kyllingar paa gata !! Og paa frimarknadene (avdeling for livdyr), gaar honesalget framleis strykande. Ho har nok rett, representanten fraa WHO, som nyleg uttalte at ho er noko skeptisk til korleis Kina kjem til aa handtere denne "flonsaa"...

0 Kommentarer / Post kommentar

Wednesday, January 28th 2004

4:05 PM

Hei!

I Nationen les eg i dag: "Kinesiske myndigheter arresterer og fengsler stadig flere opposisjonelle som sprer sine meninger over nettet. Til sammen sitter minst 54 kinesere nå fengslet...", og eg tenker; maa kanskje slutte aa skrive fraa Kina. Blir kanskje "murt" inne, eg og !!
Det gjekk greit med besoket mitt paa landsbygda i gaar. Eg kom heim i levande live, og med alt mitt intakt.
Har funne ein god maate aa gjere meg til venns med "kjeltringane" paa. Eg smiler og nikker til dei. Og viss eg, i tillegg, forograferer desse farmarane, er alt saare vel.
Arbeider for tida paa ein artikkel om kinesiske farmarar. Visste du, forresten, at det er tre ulike definisjonar paa ein kinesisk farmar ? Eg visste det ikkje heller, men naa veit eg det altsaa. Ganske interessant, faktisk. Eller for aa seie det paa "Giljask" - "verkele' interessant, altsaa...!"

Snakkes!
0 Kommentarer / Post kommentar

Tuesday, January 27th 2004

3:17 PM

God morgen!

Les norske internett-aviser kvar morgon. Ser at det er påvist skrapesjuke i ein sauebesetning i Sogn og Fjordane, og opplever at eg med eitt er meir bekymra for dette enn for det faktum at fugle influensa-viruset spreier seg med rekordfart i heile s¸r-aust Asia. WHO antyder at f¸lgene blir katastrofale dersom viruset muterer med eit humant influensa-virus. Meiner dei snakkar om "millionar av d¸de...".
Uansett, i dag er ein ny dag - med nye muligheter. Det er i alle fall slik det blir sagt. Eg klamrar meg fast til dette kvar dag, eg. Ny dag = Nye muligheter. Både for meg og for lommetjuven.
I går bes¸kte eg ein av Xi'an's aller st¸rste turistattraksjonar - "Big Wild Goose Pagoda" - og opplevde at fleire middelaldrande menn, med bukselinningen like under Adamseplet og 75 nyklar hengande i beltet, "sikla" om munnen då dei såg digital-kameraet mitt. If¸rt norsk kvalitets- skinnjakke, "ditto" jeans og med avansert kamera om halsen, trur nok dei aller fleste at "gubben har gryn !!".
Men der tek dei altså skammeleg feil....
Seinare i dag vil me opps¸ke farmarane. Likesinna med andre ord. Dei innf¸dde her er litt engstelege for meg. Dei meiner det er farleg å opps¸ke landsbygda åleine, spesielt nå i.f.m. nyttårsfeiringa. Folk oppf¸rer seg nemleg som "gribbar" for å kompensere for alle utgiftene dei har hatt den siste veka. Dei stal mobiltelefonen min her om dagen; det får greie seg det; og viss eg i tillegg reknar med pc-en dei tok i april og den andre mobilen, har eg sanneleg bidratt med mitt! Nå kan det vere andre sin tur...

9 Kommentarer / Post kommentar

Sunday, January 25th 2004

4:27 PM

God dag!

Klokka er 07.12. Sjekker pc-en for nye mails og konstaterer at det eg frykta, likevel ikkje stemmer.
Eg frykta nemleg at "systemet" her nere las (og stoppa) e-posten min. Spesielt den som gaar ut av riket. Men saa mottok eg altsaa bekrefting paa motteken e-post fraa Norge naa i dag tidleg.
I dag er det overskya og omlag 0 grader. Maa gjere noko med "Dagen" i dag. Dessutan tel eg paa knappane (les: kronene) om eg skal anskaffe meg ny billeg-mobil. Det blir i saa fall den tredje paa eitt aar. Ikkje forstaa det slik at eg skiftar mobil som ein ungdom; dei to forste blei stolne fraa meg.
Lytter til toner og ord fraa Sara Brightmann. Dette er "nobel" musikk - paa linje med Secret Garden og Elton's "Funeral for a friend". Secret Garden er, forresten, uhyre populare i Kina. Overalt kor dei sel cd-ar, finn eg Secret Garden. Dessutan fann eg den norske DVD-en "Elling" her om dagen. Kjopte like godt to eksemplarar. I tilfelle innbrot . Naar prisen for ein DVD-film er NKR.6,- er dette absolutt overkommeleg.

Stein
0 Kommentarer / Post kommentar

Saturday, January 24th 2004

1:46 PM

Ni hao!

Uret mitt viser 5.21. Ikkje uvanleg for meg aa vere oppe saa tidleg. Ho kan godt vere bare 4 eller 5, og.
Men saa er eg tidlig under dyna om kveldane. Sliter kanskje framleis (etter eitt aar???) med eit snev av "jetleg". Likar i alle fall aa skulde paa det...
"Ni hao" er kinesisk for "god morgen", og er - saman med "dui" ("ja") og "mei you" ("nei") - omtrent det einaste eg kan faa sagt paa dette spraaket.
Ser at pc-en min seier at dette innlegget er skreve paa lordag ("Saturday"), sjolv om rett skal vere rett; naa er det sundag i Kina. I dag er planen min aa finne - og fotografere - den "Nestorianske Stein", det eldste spor etter kristendom i Kina.
Avisa "Dagen" har meldt si interesse for ein artikkel, og daa er det om aa gjere aa spa opp saa mykje oppbyggeleg som mogleg. Sist veke fann eg levningane av ei katolsk (mini)kyrkje; og saman med denne steinen + bedemannen som selger begravelseutstyr, kan dette kanskje bli til noko.
Naa gjelder det bare hugse paa at mottakar er "Dagen" og ikkje "Kristeleg Kulturverkstad"...

Klokka er naa 15.41pm. Det blei ikkje nokon "Nestoriansk Stein" paa meg i dag. Eg starta optimistisk, men daa eg halvvegs oppdaga at ein av busspasasjerane hadde stole mobiltelefonen min (igjen), gav eg opp (i sinne og fortvilelse). Utruleg med desse folka. Dei stel som ravnar. Kan dei rappe noko fraa sidemannen, synest dagen aa vere redda. Ikkje aa undrast over at det var nettopp Kina som blei satsingsomraadet for Norsk Misjon. Bare saa synd dei ikkje fekk gjere seg ferdige...

Ha det godt !
0 Kommentarer / Post kommentar

Friday, January 23rd 2004

3:31 PM

God morgen!

Litt rart aa skrive offentleg "dagbok". Veit i grunnen ikkje kor interessant dette er for dykk, heller.
Kina har nettopp gaatt inn i eit nytt aar (apens aar). Dette skjedde med dunder og brak natt mellom onsdag og torsdag denne veka. Maken til fyrverkeri har eg aldri for sett. Det har vart forholdsvis rolig i gatene dei forste dagane i det nye aaret. Litt for stilt i grunnen...
Det er "full" vinter her i Xi'an naa, med temp. mellom 5 og 10 kalde grader kvar morgon. Sol fraa skyfri ( men dog svart forureina) himmel. Tenker ofte heim paa vestlandsk vinter med snoslaps og temp som veksler mellom +10 og -10 fraa eine dag til neste.
Visste de, forresten, at eit sikkert teikn paa velstand og suksess for ein kinesisk mann, er eit stort, "feitt" nykkelknippe hengande lett synleg i bukselinningen ? Og at for aa kompensere for korte kinabein (det ideelle her er lange bein - jo lengre, jo betre...), syr skreddaren hogt liv i alle (manns)bukser?
Saa langt har det vart umogleg for ein middelaldrande vestlending med "prima" mannebein aa finne brukbar bukse i dette landet.
For kven kan vel vandre rundt med beltespenna like under Adamseplet ???

Ha ein fin dag !
0 Kommentarer / Post kommentar